Ferie-SFO

SFO følgjer skuleruta. Det er tilbod om Ferie-SFO i haustferien, vinterferien og sommarferien. I sommarferien er det tilbod inntil to veker i juni etter at skulen tek ferie, og inntil to veker i august før skulestart.

Alle barn med plass i SFO kan nytte seg av tilbodet i feriane.

Kvar kan barnet nytte Ferie-SFO?

Ferietilbodet er lagt til 9 skular. Dersom barnet skal nytte Ferie-SFO, finn de i oversikta under kva skule de skal søkje om Ferie-SFO ved, ut frå kva skule barnet går på til vanleg.

Kvar kan barnet nytte Ferie-SFO
Barnet går påSøk ferie-SFO ved
Bjorøy skule Bjorøy skule 
Brattholmen skule Brattholmen skule 
Hjelteryggen skule Brattholmen skule 
Foldnes skule Foldnes skule 
Stranda skule Stranda skule 
Skogsvåg skule Skogsvåg skule 
Spildepollen skule Skogsvåg skule 
Kolltveit skule Kolltveit skule 
Knappskog skule Kolltveit skule 
Ulveset skule Ulveset skule 
Skålevik skule Ulveset skule 
Ågotnes skule Ågotnes skule 
Landro skule Ågotnes skule 
Rong skule Rong skule 
Tjeldstø skule Rong skule 
Toftøy skule Rong skule 

Spesialavdelinga ved Hjelteryggen skule har eige ferietilbod. Tilbodet er ope for barn med spesielle behov frå alle skulekrinsar i kommunen. 

Søk ferie-SFO

Du søkjer om Ferie-SFO elektronisk i Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknadar.

Påmelding ferie-SFO i Vigilo foreldreportal

Søknadsfristen er:

  • fire veker før haust- og vinterferien
  • 15. april for Ferie-SFO i sommarferien 

Påmeldinga er bindande.

Opningstid

Ferie‑SFO er open frå kl. 07.30 til 16.00.

Vi kan ha kortare opningstid dersom søkjarbehovet tilseier det.

Ferie og fridagar

Her finn du oversikt over ferie og fridagar i skuleåret

Pris og betaling 2026

Prisen per veke for Ferie-SFO er 1 075 kr.

For elevar på 1.–3. trinn er prisen 805 kr per veke. Elevar på 1.–3. trinn har rett til 12 timar gratis SFO også i Ferie-SFO, og prisen er justert i tråd med dette.

Det er ikkje søskenmoderasjon i Ferie-SFO.

Meir informasjon

Du finn reglane om Ferie-SFO i § 13 i forskrift om skulefritidsordninga (SFO) for grunnskular, Øygarden kommune.