Kvart år i mai er det ein nasjonal matematikkonkurranse som heiter Kikora Mattemaraton. Her er målet at kvar elev skal rekne så mange maratonløyper med matematikkoppgåver som mogleg og gå så mange maraton-distanser som mogleg. 

Leiar i elevrådet på Ulveset skule, Oline Kaalaas, tek imot ballen frå ordførar Tom Georg Indrevik. Nedanfor ser du bilete frå dei andre skulane.

I løpet av ei god vekes tid leverte ordførar Tom Georg Indrevik ut berekraftsball til alle skulane i kommunen. 

  

I høve vedtektene for SFO, skal ferie SFO ha ope heile sommaren. Sjå vedtekter på heimesida til Øygarden kommune. Det har vore oppe ei sak til politisk behandling om vedtektene skal endrast, slik at ferie SFO heldt stengt i juli. Saka skal opp til ny politisk behandling i høve dette 29. april.

Vi har ein hjertestartar like innanfor inngangsdøra til grendarommet, i bakken på veg opp til skulen. Den er i utgangspunktet tilgjengeleg i opningstida til skulen (07.00 - 16.30). Startaren er registrert hos Røde kors og i nødetatenes 113 app.

På Bjorøy skule skal vi ta i bruk Transponder som digital meldingsbok frå og med veke 42.  For å få tilgang til denne loggar du på transponder.no på nett, eller lastar ned appen «Transponder meldingsbok» i Google Play eller App Store.

Bli med på årets TV-aksjon. Gå inn på blimed.no og les om korleis du kan bidra. Me inviterer born og vaksne til å vera med på verdas største dugnad 18. oktober. TV-aksjonen NRK 2020 går til arbeidet WWF gjer for å kjempa mot plast i havet.

Elevar og tilsette som har milde luftvegssymptom og sjukdomsfølelse skal ikkje møta på skulen, men halda seg heime til allmenntilstanden er god. Elevar og tilsette kan koma tilbake til skulen når dei føler seg friske og feberfri, sjølv om dei framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjonar.

På nettsida til Regjeringen finn du kortversjon av det du treng å vite som føresett i forbindelse med koronasituasjonen.

 

I perioden 31. august til 25. september skal 5. trinn gjennomføre nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. Du kan lese meir om dei nasjonale prøvene på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. For nokon blir dette likevel vedvarande plager som får følger for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida.