07.00
|
Barnehagen opnar. Barna startar dagen i sitt eige tempo og etter eigne ønske. Nokre vil kose seg på eit fang med ei god bok, andre kjem fort i gang med leik, mens nokre venter på bestevenen; ”Kjem han/ho snart?”. Vi vektlegg ein roleg start på dagen.
|
08.30
|
Frukost; Vi tek oss god tid ved frukostbordet; ”Kva har vi gjort på sidan i går? Kva skal denne dagen innehalde?”
|
09.00 - 10.00
|
Etter frukost er det frileik ute eller inne. Kvar tysdag har vi ei felles sangstund kl 09.30, der begge avdelingane samlast på midten.
|
10.00 - 11.00
|
Samlingsstund har vi kl 10.00. Ei samling kan innehalde:
- Song
- Rim og regler
- Ei pratestund
- Dramatisering av bøker og eventyr
- Tar opp tema som står på månadsplanen Etter samling er det ulike aktivitetar i barnehagruppene: Det kan vere baking, formingsaktivitet, dramaleik, trim / dans til musikk, språktrening, høgtlesing eller tur.
Dei minste barna har uteaktivitet i løpet av denne tida.
Kvar onsdag vert barna inndelt etter alder på tvers av avdelingane.
|
11.30
|
Vi gjer oss klar til å ete lunsj; toalettbesøk og handvask. Ei lita sangstund i garderoben mens vi ventar på kvarandre.
|
Ca. 11.45 - 12.15
|
Smørelunsj fira dagar i veka og varm lunsj ein dag i veka. Inneverande år er det om fredagen vi har varm lunsj. Er det fint ver et vi gjerne luns ved borda på uteplassen eller inn i skogen bak barnehagen. Nokre gongar et turgruppene maten sin ute og kjem ikkje heim til lunsj.
|
12.30 - 14.30
|
Utetid. Vi nyttar både leikeplassen og områda rundt barnehagen utetida. Barna skal oppleve glede av å vere ute i all slags ver og vi er avhengig av at dei har høvelege klede tilpassa det ver og den årstid vi er i.
|
14.45 - 16.30
|
Barna får servert frukt. Medbrakt matpakke. Frileik ute/inne til dei vert henta.
|