Her er køyretøya som Øygarden brann og redning stilte opp med.

17.mai-feiringa i Øygarden vart annleis i år. Trass i kald nordavind og knapt nok 10 grader, var det godt bunadsvèr og mange hadde funne vegen ut langs vegane for å sjå dei fire kortesjane. Her vil du finna opptak av sendinga, videoklipp frå kortesjane og mange bilete.

 

Alle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du blir mobba eller plaga er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Om du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelja om det, er du ikkje åleine. Det er heilt normalt. Men det hjelper ikkje å halde det for seg sjølv.

 

Etter veker ute av barnehage og skule, kan det vere krevjande å finne tilbake til den vanlege kvardagen. Nokre barn og unge kan kvi seg fordi dei er engstelege for smitte. Andre kan kvi seg for å starte opp att i barnehage og skule fordi det har vore trygt og godt å vere heime.