Om oss

Ulveseth barnehage er ein av dei minste kommunale heildagsbarnehagane i Øygarden kommune. Pr d.d. er det 36 barn i barnehagen.

Ulveseth barnehage - Klikk for stort bilete

Frå hausten 2019 gikk vi frå organisering i søskengrupper (1-6 år) til småbarns – og storbarnsavdeling. Barnehagen ligg i lunt skogkledd terreng som vert mykje brukt til turar og ulike aktivitetar.

Ulveset skule er næraste nabo, og der har vi godt etablerte rutinar for overgang frå barnehage til skule. På Ulveseth er det og gardsbruk i aktivitet, og vi har stor glede av nærleik til både dyr og natur.

Barnehagen er også er ei lærebedrift som tar imot lærling i barne – og ungdomsarbeidarfaget kvart år. Vi har og samarbeid med vidaregåande skule i samband med praksisplass for elevar, og vi tar og frå tid til annan imot dei som ønsker yrkespraksis via nav i ei lengre eller kortare periode.

For barnehageåret 2020 – 2021 har vi fått tildelt midlar via fylkesmannen for å jobbe særskildt med temaet «eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning». Vi skal samarbeide med høgskulen vestland og nla.

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete