Trygg i fellesskap

Alle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du blir mobba eller plaga er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Om du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelja om det, er du ikkje åleine. Det er heilt normalt. Men det hjelper ikkje å halde det for seg sjølv.

Logoen til Trygg i fellesskap - Klikk for stort bilete

Du kan ta kontakt med læreren din, helsesøster, dine føresette, vener, trenar eller andre du kjenner. På nettsida nullmobbing.no kan du lesa meir om korleis du kan seia ifrå eller kven du kan snakka med. 

Her finn du meir informasjon om TRYGG I FELLESSKAP