Google Workspace for Education

 

Alle elevane i grunnskulen i Øygarden kommune får ein Google Workspace for Education-konto som nyttast til skulerelatert arbeid.

 

 

Elevane har med dette tilgang til ulike tenester som alle er nettbaserte og alt skjer i nettlesaren.  Elevane kan logge seg inn på desse tenestene med alle typar utstyr ( PC-ar, nettbrett og mobiltelefonar).  På skulen blir det nytta Chromebook.

Elevene i Øygarden kommune nyttar seg av Chromebook til skulearbeid. Dette er datamaskiner som bruker operativsystemet ChromeOS. Maskinene er nettbasert, noko som vil seie at dei i hovudsak nyttar verktøy og tenester på internett for å løyse oppgåver, framfor program som er installert.  Les meir om Chromebook i skulen.

Nokre av tenestene:

Classroom: Er læringsplattformen som nyttast på Tranevågen Ungdomsskule. Læraren og elevane bruker Classroom til informasjon og organisering av arbeidsoppgåver og vurderingar. Meir info

Disk: Er eit nettbasert lagringsområde og elevane har uavgrensa med lagringsplass for data (dokument, videoar, foto, musikk o.l.)

Gmail: Er ei nettbasert e-postteneste. Elevane får si eiga e-postadresse, som dei kan nytte til å samarbeide med andre elevar, lærarar og andre aktuelle.

Dokument: Er ei nettbasert tekstbehandling. Elevane kan jobbe med dokumenta overalt - både på skulen og heime.
Rekneark: Er eit nettbasert rekneark.
Presentasjonar: Er eit nettbasert presentasjonsverktøy. 

Alle desse teneste er tilpassa utdanningssektoren. Meir info

FEIDE
FEIDE er identitetsløysinga til Utdanningsdirektoratet for sikker innlogging og datadeling i utdanning og forsking, og vert nytta i Øygarden kommune for tilgang til skuleressurser for elevar og skuletilsette.

Manglar du passord, eller får feilmelding på passord, ta kontakt med din kontaktlærer. (Gjeld for elevar).
Dei vil kun gje passord til brukerkontoens eigar. Det same gjeld dersom eleven har gløymd sitt passord, og treng å få laga eit nytt. Elevar må alltid hugse å endre førstegangspassordet sitt.

Personvern
1. juli 2018 trådte EU sin nye personvernforordning (GDPR) i kraft i Noreg. Personvern og informasjonstryggleik er viktig for oss i Øygarden kommune. Vi skal behandle personopplysningane til ditt barn på ein lovleg og sikker måte. Les meir her.