Internasjonalt samarbeid skapar læring, vennskap og nye moglegheiter

Internasjonalt samarbeid står sentralt i utviklingsarbeidet ved Tranevågen ungdomsskule. Denne hausten og vinteren deltek elevar og tilsette på mobilitetar i fleire europeiske land gjennom Erasmus+ og Nordplus, samstundes som skulen førebur seg på å ta imot gjester frå samarbeidsskular i Europa. Gjennom desse møta får elevane verdifulle erfaringar med språk, kultur og samarbeid på tvers av landegrenser.

Tranevågen ungdomsskule held fram med det målretta og meiningsfulle internasjonale arbeidet gjennom Erasmus+ og Nordplus. Gjennom samarbeid med skular i fleire europeiske land får elevane våre oppleve språk, kultur og læring i autentiske situasjonar, samstundes som dei utviklar viktige ferdigheiter for framtida.

Hausten er allereie godt i gang med internasjonale aktivitetar. Tidlegare i semesteret deltok elevar og tilsette på ei Nordplus-samling i Flensburg i Tyskland, saman med samarbeidspartnarar frå Danmark, Finland og Tyskland. Opphaldet gav verdifulle erfaringar, nye perspektiv og styrkte samarbeidet mellom skulane.

Neste veke reiser ei gruppe elevar frå valfaget Internasjonalt samarbeid til Svidník i Slovakia. Der skal dei møte elevar frå fleire europeiske land, arbeide med felles prosjekt og få innblikk i både slovakisk kultur og skulekvardag.

Veka etter går turen vidare til Almería i Spania. Då reiser elevar frå 10. trinn som tek spansk, saman med spansklærarane sine, til vår samarbeidsskule i Almeria. Målet er å styrkje språkkunnskapane gjennom ekte møte med spansk språk og kultur. Samstundes vil avdelingsleiar Vidar Steffensen delta på mobiliteten for å lære meir om korleis den spanske samarbeidsskulen organiserer leiing, undervisning og skuleutvikling.

I desember er det også planar om ein Erasmus+-mobilitet til Heilbronn i Tyskland. I dette nye samarbeidsprosjektet mellom tysk og samfunnsfag vil elevar frå 10.trinn høve til å delta i internasjonalt samarbeid og representere Tranevågen ungdomsskule ute i Europa.

Arbeidet stoppar ikkje ved årsskiftet. På vårparten ser vi fram til å ta imot elevar og lærarar frå fleire av samarbeidsskulane våre. Gjenbesøka gir ei unik moglegheit til å vise fram både skulen vår, lokalsamfunnet og det gode arbeidet som blir gjort i Øygarden kommune.

Gjennom Erasmus+ og Nordplus byggjer vi internasjonale nettverk, styrkjer språkkompetansen til elevane og utviklar ein meir inkluderande og open skulekultur. Vi ser fram til mange spennande møte, nye erfaringar og vidare samarbeid gjennom resten av skuleåret.

Tranevågen ungdomsskule er akkreditert i Erasmus+ og arbeider langsiktig for å styrkje inkludering og mangfald, språklæring i autentiske situasjonar og utvikling av det digitale klasserommet.

Artikkelliste