Sprang 330 kilometer for TV-aksjonen

Dei 100 elevane på Tjeldstø skule, nokre studentar og politikar Jan Utkilen brukte den første klokketimen på tysdag til å springa rundt idrettsbanen for å bidra i TV-aksjonen som går til Redd Barna. 
- På denne måten kan vi samla inn pengar til ei god sak, seier Agnes Stølsnes Helle (7. kl.). 

Elevane viste stor innsats på TV-aksjonsdagen på tysdag - Klikk for stort bileteElevane viste stor innsats på skuleløpet på tysdag.

Etter mange dagar med regn, var det opphald og gode forhold for å vera ute på Tjeldstø tysdag morgon. Alle dei sju trinna hadde sett seg mål for kor mange rundar dei skulle springa rundt idrettsbanen.  Totalt sprang dei 100 elevane 1 098 gonger rundt banen. Dette tilsvarar ein distanse på godt over 30 mil, litt lengre enn avstanden mellom Tjeldstø og Geilo.

Det var leiar i utval for tenester og levekår, Jan Utkilen, som klipte snora og erklærte aksjonen for formelt opna. Han tok også sjølv nokre rundar rundt banen for å visa at forma slett ikkje var så verst. 

I forkant av skuleløpet hjelpte føresette til med å skaffa sponsorar som kunne bidra med sjølvvald beløp til TV-aksjonen. Innsamlinga på Tjeldstø skule har altså starta opp, men den endelege resultatet vil vera klart på sjølve aksjonsdagen den 22. oktober. Inntektene skal gå til arbeidet Redd Barna rettar mot barn som er ramma av krig og konflikt.

Her kan du lesa resultatet så langt på Tjeldstø skule.

Rådgjevar for frivilligheit i Øygarden kommune, Julia Valeska Woehlert, gler seg stort over tiltaket på Tjeldstø skule. 
- Det er bra med bøsseberarar frå Blomvåg og nordover. For resten av kommunen er det stort behov for fleire bøsseberarar. Her kan du registrera deg som bøsseberar.

Jan Utkilen i løp - Klikk for stort bileteLeiar i utval for tenester og levekår, Jan Utkilen, viste at han var i bra form.

Fellesskapet er viktig

Rektor Linda Færestrand seier at fellesskapet er viktig i ein aksjon som dette.

- Alle kan bidra til at den enkelte klasse når målet som er sett. Vi hadde sett opp nokre forslag til mål, men elevane plussa på med fleire rundar. To av elevane er på ferietur, men dei har sendt oss bilete der dei også deltek i skuleløpet, seier rektoren.

Frå venstre; Agnes Stølsnes Helle, Tomine Blom Hjartøy, Emine Savannah Baldhi og Marie Therese Ingvaldsen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Agnes Stølsnes Helle, Tomine Blom Hjartøy, Emine Savannah Baldhi og Marie Therese Ingvaldsen.

Fire elevar i 7. klasse stilte opp i treningstøyet til Øygarden idrettslag.

- Det var litt tungt på slutten, men eg nådde målet mitt om å springa åtte rundar, seier Emine   Savannah Baldhi.

- Dette er ein veldig bra måte å samla inn pengar på. Inntektene går til ei god sak, seier Agnes Stølsnes Helle.

- Eg skal gå saman med foreldra mine med bøsse på sundag, seier Tomine Blom Hjartøy.

Undervegs i løpet vart det delt ut saft og kjeks. Ettersom alle klassane klart måla sin med god margin, vart det is til alle elevane.

Her er fleire bilete:

Frå skuleløpet. - Klikk for stort bilete

Rektor Linda Færestrand - Klikk for stort bilete
Frå skuleløp i varmare strok. - Klikk for stort bilete