Skuleåret er godt i gong!

Oppstarten av skuleåret vårt har vore flott!
Engasjerte elevar!
Engasjerte vaksne!
God driv i læring!
Godt driv i sosialt arbeid
 

Sjølv om vi merker at vi lever i koronatida har vi heldigvis likevel meir normal skulegang enn vi hadde førre skuleår. 

Elevane får lov til å ha felles friminutt, gå dit dei vil i friminutta, ha felles samalingar, gå fellesturar. Dei yngste elvane får vere i lag med fadrane. Veldig kjekt.

Vi har hatt ein felles turdag for heile skulen, i nærområdet. Vi skla bli godt kjend i nærområdet og nordre del av Øygarden.

Måndagar og fredagar har vi framleis soner. Sonene styrkjer samhaldet innad i klassa. Trygt og godt.

Vi starta friskt med kanteine første veka. Noko elevane var nøgde med. Kantinedrifta held vi fram med gjennom heile skuleåret. Etter kvart vil de få menyliste.

Utesymjinga er godt i gong. Nye grupper får prøve seg i sjøen med våtdrakter. Kort vegen til sjøen gjer at dette tilbodet er enkelt å organisere for oss. I eit år med rekordstore tal på omkomne i sjø er det å meistre  symjing i sjøen særs viktig.

For dei yngste elevane er startsamtaler i gong. Foreldremøter for andre klasser er på trappene, utviklingssamtaler høyrer og hausten til.

Ta kontakt med oss viss det er noko de lurer på. Vi ser fram til eit gjevande år med godt samarbeid med dykk i heimen!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete