Miljøveke veke 18

Vi kan framleis ikkje gjere aktivitetar der heile skulen er saman, men vi kan gjere aktivitetar og ha same tema for heile skulen!

Slik kan vi kjenne at vi høyrer saman!

 

I veke 18 vil det gå føre seg mange ulike aktivitetar på skulen. 
Vi vil gjere og vi vil lære!
Gjere sosiale aktivitetar, gjere aktivitetar for å ta vare på miljøet vår, gjere aktivitetar for å lage eit god miljø rundt skulen, både fysisk og psykisk.

Vil de som foreldre vere med på nokre av uteaktivitetane er de velkomen til det, med munnbind og at ein tek omsyn til smittevernreglar.

Dette blir lærerikt og kjekt!