Fotball med berekraftmål

Skulen fekk besøk av ordførar som overrekte ein fotball med alle berekraftmåla! 

Som første skule ut på ordførar sin besøktsrunde på skulane, med utdeling av fotball der alle berekraftmåla til FN var notert ned, møtte skulen ordføraren ved elevrådsleiarane Martine og Mathias og Elisabeth Sanden som er lærar i elevrådet.

Ordøraren snakka om det symbolske med å plassere måla på ein fotball.

  • Alt heng saman. Ein oppnår ikkje berekraft viss ein berre satsar på eitt område.
  • Tek ein ut ein del av fotballen kan den ikkje nyttast lenger, då er han boss. 

Difor må vi saman jobbe for å oppnå berekraftmåla.

Vi takkar for besøk og fotball!