Elevar lærer om Stortingsval!

Elevane i 1.-4. trinn på Tjeldstø skule har lært om val og har hatt eige val!

Elevane i 1. og 2 klasse har hatt småtrinnsval. Dei vart delt inn i grupper og fant sjølv på namn på sitt parti. Elevane kom fram til eit partiprogram for sitt parti. Her var det mange og gode diskusjonar. Langt frå alle var einige i alt. Dei har samarbeida om å teikna og skriva på parti-plakaten. Dei øvde litt på framføringa av partiprogrammet, på førehand.

Det var ein stolt og engasjert gjeng som tok imot 3-4 klasse som kom for å stemma. Dei som skulle stemma gjekk frå parti til parti og hørte kva partia stod for. 

Dei som gjekk rundt var flinke til å stilla spørsmål og fekk som oftast gode svar. Så vart det delt ut stemmesedlar og dei kunne stemme på:

  • ekornoartiet
  • iPad-og perlepartiet
  • vennepartiet
  • naturpartiet
  • gotteripartiet

1. og 2. klasse fekk sjølvsagt stemma og, men ikkje på sitt eige parti. Stemmesedlene vart putta i valurna og høgtideleg telt opp. Med knapp margin vann naturpartiet.

Dette var ein stor suksess og me vil koma sterk tilbake ved neste val.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete