Vitnemålsutdelinga

20. juni 2023 var det vitnemålsutdeling for 10. trinn i Strandahallen.

Det var ein høgtideleg seremoni der første del var ulike talar, helsingar og elevinnslag medan det etter pausen var sjølve vitnemålsutdelinga. I pausen var det stort kakebord som foreldra hadde stelt i stand, og det var servering av kaffi, brus og vatn. Etter at vitnemålsutdelinga var over, var det mange av elevane og foreldra som var igjen utanfor for å ta farvel med medelevar, lærarar og andre tilsette.

Skulen vil takka for samarbeidet med dei føresette og for lånet av dei flotte ungdommane desse tre åra. Me ønskjer lukke til med framtida til alle dei unge stolte strilane våre!