Vårens mobilitet - Belgia
I veke 16 reiste 12 elevar frå valfaget internasjonalt samarbeid på mobilitet til EU sin hovudstad, Brussel. Der budde dei saman med elevar frå Nederland og Finland og deltok i prosjektet «Project EU». Målet var å bli betre kjende med EU som organisasjon.

I løpet av veka besøkte dei både The House of European History og Europaparlamentet, der dei fekk innsikt i europeisk historie og korleis EU arbeider i praksis.
Elevane var gode representantar for Sund ungdomsskule, og dei kjem heim med nye venskap og mykje kunnskap i sekken.
Sist endra 21.04.2026 13.10