Unge MOTivatorar på besøk hos rektor

Dei nye unge MOTivatorane på niande trinn blei invitert på loftet til rektor saman med MOT-coach Stine. Her var det lett servering og fin prat som stod på programmet.

Våre nye MOTivatorar er Wiktoria, Leander, Theo, Eline, Marita, Maria, Amine og Jonas.  Jonas var dessverre sjuk denne dagen, så han er ikkje med på bilete.  Rektor og Stine snakka med ungdommane om rolla deira, høyrde på innspel frå ungdommane sjølv og det blei lagt ein plan for aktivitetar som desse elevane skal organisera. Me gler oss til å sjå kva desse flotte ungdommane klarer å få til for skulemiljøet på SUS!