Unge MOTivatorar på besøk hos rektor

Dei elleve unge MOTivatorane på SUS var invitert på besøk til rektor for å snakka om forventningar og det å vera ein ungdom med MOT.

Unge motivatorar på besøk hos rektor - Klikk for stort bilete

Vilde, Simone, Ole-Marius, Alva Sofie og Alva Betine frå tiande trinn, og Aurora, Ida, Anabelle, Betina, Lana og Oda frå niande trinn, var samla rundt ein kopp kakao og med litt snacks på bordet for å snakka med rektor og MOT-coachane om forventningar til rolla, både frå dei og skulen. Det blei eit koseleg møte der dei sjølve kom med mange gode idear om kva dei kunne bidra med for å få til eit betre og meir inkuderande skulemiljø.

Me gler oss til å sjå kva desse flotte ungdommane våre får til.