Ung MOTivator - skulering

To dagar denne veka var seks ungdommar frå SUS saman med ungdommar frå dei andre ungdomsskulane i kommunen og hadde MOT-skulering.

Unge motivatorar på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bileteUnge motivatorar på Sund ungdomsskule

I to dagar og med overnatting på Fjell-Ly var det intenst og inspirerande å vera med på MOT-skulering. Frå Sund ungdomsskule var det seks kjekke ungdommar som hadde søkt på stillingane, vore på intervju og fått jobben som ung MOTivator, og som no skulle få opplæring i kva det vil seia å vera ung MOTivator. Våre eigne MOT-coachar, Hedda og Karina, leia opplegget på Fjell-Ly, og dei fortel at det var to flotte dagar med fantastisk ungdom frå alle skulane.

Me gler oss til å sjå korleis ungdommane vil vera med på å styrkja og bruka MOT-verdiane i skulekvardagen.

Unge motivatorar på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Unge motivatorar på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Unge motivatorar på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete