Tusen takk for gåve frå føresette

Onsdag 10. juni blei me overraska av FAU som kom med ei fantastisk fin gåve til alle tilsette på SUS.

Det var fleire brett med ulike ostar, kjeks, frukt, spekemat og drikke pluss eit nydeleg fint kort me blei veldig glade for. Me ønskjer å takka dei føresette for det gode samarbeidet dette skuleåret og den flotte gåva.