Temaveke på SUS

Denne veka har me hatt temaveke på Sund ungdomsskule. Det har vore eit tema per dag.

Elevane og mange av dei tilsette har dukka opp i ulike antrekk heile veka, og det har vore spennande å sjå kor fantasifulle folk har vore. Siste dagen var det kahoot i kantina i storefri, der det blei ein vinnar frå 8. trinn og ein frå 9. og 10. trinn. Premien her var hamburgar og drikke frå YX Skogsvåg. MOT hadde også laga MOT-kaker til den klassen som hadde hatt flest utkledde i løpet av veka. Siste dag var det Afterski som var tema, og her kjem eit bilete som viser nokre av elevane i full mundur.