Takk for ein supervellykka aktivitetskveld i Strandahallen!

Sjølv om vi var trøtte og slitne både vaksne og ungdommar då vi gjekk heim i går kveld etter full guffe i timevis i Strandahallen, var det med ei skikkeleg god kjensle eg køyrde heim. Herlighet for nokre flotte ungdommar vi får låne av dykk! Det var heilt nydeleg stemning med berre gode lydar av glede og engasjement frå konkurranselystne elevar gjennom heile kvelden. I tillegg er det kjekt å sjå at elevane trivst godt saman og at nye vennskap veks fram. Dei heia på kvarandre og viser at dei bryr seg om kvarandre, samstundes som kamp får vere kamp. 

Jentene i 8C tok sigeren blant jentene, medan gutane i 8E kjempa seg til siger blant gutane. Vi såg mange særs gode involveringar, motorisk sterke ungdommar og mykje god speleforståing. Det var så vidt dei vaksne slapp med skrekken då dei vann 25-23 over gutane i siste kampen.

Heile arrangementet gjekk på skinner takka vere driftige foreldre vi ikkje hadde klart oss utan. Tusen takk for at de stiller opp! Middag og vaflar til 120 ungdommar krev absolutt teamwork. Og ikkje mindre set vi pris på hjelp til sikringar som ryk og rydding av både kjøkken og garderobar. Tusen takk for hjelpa, og takk for ein skikkeleg fin kveld!