Stortingstur for 9A

Den 6. februar reiste 9A til Oslo for å besøkje Stortinget. Det vart ei svært lærerik og spennande oppleving! 

Vi fekk ei grundig omvising der vi lærte om maktfordelingsprinsippet og korleis dette fungerer i praksis. Vi lærte også mykje om kva val og prioriteringar ein politikar må gjere gjennom spelet vi deltok i på slutten av besøket. Guiden vår var både kunnskapsrik og engasjerande, og han tok oss med gjennom dei underjordiske gangane under Stortinget. I løpet av dagen fekk nokre av elevane ta bilete saman med Trygve Slagsvold Vedum og Emilie Enger Mehl. Vi fekk òg høyre på statsministeren, og nokre blei nok litt «starstruck» av at Erna var i salen.

Etter stortingsbesøket brukte vi tid på å utforske Oslo, før vi tok kveldsflyet heim. Vi hadde ein heilt super tur!