Stortingsbesøk

10B har vore i Oslo og besøkt Stortinget saman med lærarane Anniken og Stine. Der fekk dei delta i læringsspelet “Valget er ditt” der dei fekk prøve seg som politikarar og gjere val og prioriteringar for framtidas Noreg, samt øve seg på argumentasjon og debatteknikk. Les her korleis Anniken og Stine skildrar denne dagen.

Vi møtte grytidleg på Flesland og var i Oslo sentrum klokka 10.00 så då fekk elevane to timar til å gjere det dei ville før vi møtte på Stortinget. Der blei vi møtt av ein hyggeleg mann som følgde oss i tre timar på Stortinget. Vi måtte gjennom sikkerheitskontroll før vi fekk kome inn.

 Den første halvdelen av besøket var omvising. Då fekk vi ei lita førelesing om korleis det politiske systemet i Noreg er bygd opp, I tillegg fekk vi besøke Stortingssalen, vandrehallen og Eidsvollgalleriet der vinnaren av  Nobels fredspris og andre offisielle gjestar skriv i gjesteboka. Fleira av stortingsrepresentantane dukka også opp i gangane.

Besøket på stortinget blei avslutta med læringsspelet der elevane skulle danne eigne parti og ha avstemming. Etter besøket på Stortinget fekk elevane nokre timar fritid.

Alle elevane sa dei hadde hatt det kjekt, og vi vaksne opplevde å ha med oss 27 ungdommar som representerte Sund ungdomsskule på ein god måte. Vi var stolte!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete