Stor stemning og stormande jubel på juleballet 2025!
Tradisjonen tru var det juleball på SUS i slutten av november, og ein kan jo håpa på snø og stjerneklart ver, men slik blei det ikkje. Til tross for regn, vind og skikkeleg novembervêr, var det over 220 elevar som var klare for juleball!

Ungdommane hadde verkeleg kledd seg for ball med nydelege kjolar og flotte dressar, og det var berre blide ansikt å sjå. Papa Paul og Lixalixous stod for skikkeleg god stemning i salen, og det var tydeleg at ungdommane sette pris på entuastiske Papa Paul som køyrde i gong ulike danseleikar og spelte god musikk. Det kokte i gymsalen til tider, og det gjekk mange liter vatn og brus til sveitte ungdommar. Alle me snakka med hadde hatt det veldig kjekt, og det var allereie ønske om å få tilbake Papa Paul og Lixalixous til sommarballet!
Me ønskjer å takka elevrådet for pynting og rigging av ballet, og foreldre for gjerdehenting, pizzasteiking, kioskvertar og vakthald. Takk også til duoen som hadde showet på scenen, og til dei vaksne på skulen som stilte opp.



Sist endra 03.12.2025 15.26