Stolte unge fotballstrilar leverer

Torsdag 23. januar var det skuleturnering mellom alle ungdomsskulane i kommunen. Sund ungdomsskule spelte mot Øygarden og Danielsen i puljespelet.

 Første kamp mot Øygarden startar med høgt press og stor dominans i banespelet for dei stolte, unge strilane frå Sund. Like før pause glir indreløpar Benjamin gjennom Øygarden-forsvaret som ein glatt, nyfiska aure og trillar ballen roleg til venstre for keeper. Etter pause held Sund fram med å presse ungdommane frå Rong lågt i bana. Jakob lurer som gjedda i sivet etter massivt press i Øygarden-boksen og aukar leiinga til 2-0. Mot spelets gang reduserer Øygarden åleine med Sund-keeper Artom. Rett før slutt er utlikninga eit faktum etter ein corner. Kampen endar dermed 2-2.

Ettersom Danielsen vann sin kamp mot Øygarden, var Sund nøydd til å vinne mot Danielsen for å kome til finalen. Denne kampen var jamn og spanande. Då Sund på tampen måtte sende alle mann i angrep, kontra Danielsen inn det avgjerande målet, og Sund tapte 0-1. Dermed vart det bronsefinale for gutane frå Sund.

Bronsefinalen mot Tranevågen startar med ein tidleg kalddusj med 0-1 etter berre nokre få minutt. Etter dette blir det einvegskøyring frå Sund. Midtbane-maestro Elias scorar med eit kremmarhus frå hjørnet av 16-meteren. Han plasserer kula der mor legg kakene, øvst i hjørnet. Jakob held fram med å vere giftig som ein slange framfor mål og scorar to mål. Elias og Benjamin er rolege som skjæra på tunet i boksen og aukar leiinga til høvesvis 4-1 og 5-1. Leon legg på til 6-1 med ei kontant avslutning før Niklas gjer som broren og plasserer ballen nydeleg i mål. Dagens coachar, Johannes og Daniel, må finne fram kuleramma for å halde teljinga på alle Sund-måla. Thomas avsluttar målfesten med si scoring etter ein pasning like følsam som eit Åge Aleksandersen-refreng frå Julian, som i likskap med Matheo går på 8. trinn. Dei leverte gode innhopp i møte med langt større motstandarar. Sund slår Tranevågen 8-1 og endar på 3. plass i turneringa. Danielsen vann finalen mot Fjell etter straffekonkurranse.

Neste turnering er det jentene sin tur.