
Den eine ungdommen etter den andre dukka opp og alle var skikkeleg fint pynta. Temaet var Hawaii og det var ikkje få lysande blomekransar som bevegde seg rundt i discomørket i gymsalen.
Etter det veldig vellukka juleballet med Papa Paul og Lixalixous som dj-ar, blei det stor stemning i salen når dei var tilbake i kjent stil med gøy musikk og ulike danseleikar. Dei flotte ungdommane våre dansa og kosa seg, og for dei som ikkje synest dansing er så kjekt var det mogelegheit for FIFA-turnering eller berre avslapping inne på MOT-rommet. I kiosken kunne ein kjøpa både forfriskingar og mat, og det var ikkje få liter med brus som gjekk med til sveitte ungdommar utover kvelden.
Seksti føresette var vaktar i tillegg til oss frå skulen, og det var også veldig god stemning blant vaktgjengen. Ein halv time etter at ballet var over, var alt rydda og det er ikkje verst! Tusen takk til elevrådet, FAU og alle vaktene som bidrog. Takk også til Paul og Lisa for god underhaldning. Me håper dei kjem tilbake til oss!

