Sommarball på Sund ungdomsskule

15. juni var det endeleg sommarball og kvelden var fylt av sol, blide fjes og høg temperatur.

Skuleballet er eit samarbeid mellom elevrådet og FAU, og både tilsette og foreldre stilte som vaktar. Elevrådet hadde pynta gymsalen heilt nydeleg, og det passa perfekt med temaet som denne kvelden var "Hawaii". Elevane hadde pynta seg skikkeleg og kor enn ein snudde seg, var det smil og solskin i blikka. 

Det blei ganske varmt på dansegolvet, og det gjekk mykje brus denne kvelden. På slutten av ballet blei det kåra to gledesspreiarar på kvart trinn i tillegg til årets danseløve, og det var stor jubel i salen under utdelinga av diploma.

Mange nytta seg av den flotte fotoveggen og fekk tatt nokre skikkeleg "Hawaii-bilete" som minne om ballet. Me takkar både elevar, foreldre og tilsette for at ballet blei så vellukka.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete