Skuletur i solskin og varme

10. trinn på SUS var første gjengen frå ungdomsskulane i Øygarden ut på skuletur i år. Me er skikkeleg glade for at skuleturen er lagt til hausten, og jo tidlegare, jo betre, så allereie i veke 36 pakka tiande trinn sekkane sine og gjorde seg klare for tre dagar med spennande opplevingar og mykje sosialt.

Sidan me er så mange elevar, var det naturleg at ein reiste i laga ein er inndelt i. Først ut var 10A,10C og 10E medan 10B og 10D måtte venta eit par dagar ut i veka før det var deira tur.

 

Turen gjekk til Sveio og Solgry, og det blei ei super blanding av mykje sosialt, kjekke aktivitetar og interessant læring.  Det var mykje å gjera på sidan veret var så fint, så ein kunne bada, padla i kano, køyra gokart, driva med ballspel og vera ute store delar av tida. Det var også lagt opp til eit interessant besøk på museet Arquebus og på KNM Hitra som låg på Håkonsvern.

Dei neste to åra vil skuleturen gå til Sveio med to overnattingar, og det ser me fram til. Det blei nokre herlege dagar der klassane fekk bli endå betre kjende og der grunnlaget for eit godt samhald resten av skuleåret blei lagt.