Skuletur for 10. trinn

Endeleg var det klart for årets skuletur for 10. trinn.

Årets skuletur gjekk til Bergen og Voss i år. Elevane blei delt inn i to grupper, så 10A og 10C  reiste måndag til tysdag medan 10B og 10D reiste onsdag til torsdag. Dette var midt på vinteren, så det var mykje snø og ganske kaldt. På turen besøkte dei krigsmuseet på Kløve og Gestapo-huset i Bergen, og dei overnatta på Helgatun i nærleiken av Voss. Det blei to kjekke turar der elevane hadde tid til både å vera saman og ha det gøy sosialt, samt læra noko om krigen.