Skuletur for 10. trinn

I år reiste tiandeklassingane til Masfjorden og fekk god kjennskap til historia til Bjørn West-gruppa samt det som skjedde på Espeland fangeleir.

Elevane frå tiande trinn på Sund ungdomsskule blei delt inn i to grupper, der10A og 10B reiste på skuletur måndag 12. juni til tysdag 13. juni medan 10C og 10D reiste 13. juni og var attende 4. juni. 

Det var to gjengar med forventningsfulle ungdomar og vaksne som reiste av garde på bussane. Første stopp var Bjørn West-museet der Arnold og Anders tok imot oss og fortalde spennande og interessante historier. Vidare fortsette me til Stordalen fjellstove oppover svingete vegar. Vel framme var det ulike aktivitetar og fleire forteljingar. Me fekk sjå holer der motstandsmenn hadde gøymt seg, og me fekk kjenna litt på kor tungt det må ha vore å bera utstyr til motstandsgruppene. Det blei også snakka ein del om menneskerettar og det å ta val, og dei var flinke til å relatera dette til hendingar i vår eiga tid.

Etter dette var det romutdeling og fritid før middag. Ungdommane kosa seg med å bading i fossen og vatnet eller med kubb, kortspel eller badmington. Det var også koseleg å sitja på terrassen i sola.

Dagen etter var det avreise og eit besøk til Espeland fangeleir stod på programmet. Her fekk me også høyra om både grusame hendingar og lysglimt i ei tung krigstid.

Det var ein veldig kjekk og interessant tur der me fekk ta del i ei historie det er viktig å ta vare på - og ikkje minst  læra noko av.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete