Skulestart på Sund ungdomsskule

Torsdag 17. august var det skulestart for alle dei fjorten klassane på Sund ungdomsskule. I forkant hadde dei vaksne på skulen rydda og ordna, lagt planar for oppstarten og førebudd seg på å møta dei flotte elevane våre.

Veret var på vår side når skuleåret starta med sol og god temperatur. Det var nok mange spente åttandeklassingar som lurte på korleis det ville bli å starta på ungdomsskulen, og kanskje nokre av dei eldre elevane hadde litt sommarfuglar i magen også? 

Niande og tiande klasse gjekk til klasseromma sine, medan nye åttande trinn møtte i gymsalen der rektor presenterte kontaktlærarane og hadde opprop av alle klassane. Deretter var det opplegg i klassane. Skulen har ein MOT-kampanje gåande som heiter "Hei"-kampanjen. Kampanjen handlar om kor mykje eit lite "Hei" kan bety. Me ønskjer at alle elevane våre får gode skuledagar, og eit "Hei" frå nokon kan snu dagen heilt. Det blei også vist ein liten videofilm om dette i klassane.

Det var utruleg kjekt å møta alle elevane, og det var god stemning på skulen heile dagen. Me tenkjer dette lovar godt for resten av skuleåret og ser fram til eit spennande og lærerikt år.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete