Skulestart, årets vakraste eventyr

Første skuledag på ungdomsskulen er lufta full av spenning, forventningar, grugleding og nervøse smil. Endeleg, tenker nokon, medan andre godt kunne feriert ei veke til. Å ta imot rykande ferske 8. klassingar er årets vakraste eventyr. Det er mykje nytt; nye klassekameratar, nye lærarar, ny timeplan og nytt skulebygg. Då er det viktig at ein får ein god start. Målet er at alle skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø, så på SUS har vi brukt mykje av første skuleveka til å bli kjend med kvarandre og med skulen. 

Vi har gjort mykje kjekt, blant anna har vi hatt rebusløp for å bli kjend med skulebygget og området rundt. Tysdagen var vi på fjelltur i ulike variantar saman med heile skulen. Det var vått i marka, men elevane heldt humøret og koste seg med kvarandre.

Torsdagen hadde vi kanonball-turnering og det var absolutt engasjement. Nokon var særs nøgde med både eigen og lagkameratane sin innsats, og vise versa, altså akkurat slik det skal vere når det er kamp.

Om kvelden overnatta vi på skulen saman med svært kjekke ungdommar. Det vart ein veldig kjekk kveld for både vaksne og elevar, med høg stemning og nydeleg energi. Vi koste oss masse! Det vart gjennomført ein spennande finale i kanonball i gymsalen, kor eitt av laga i 8A tok sigeren. Mange var med på ein gøy kahoot etter kveldsmaten, men i grunnen hadde elevane meir enn nok med å ha det kjekt med kvarandre. Vi sløkte lyset presis klokka 24.00, og 00.10 var det utruleg nok blitt ganske stille. 00.45 sov dei fleste - til vår store overrasking:)

Tusen takk til SPAR Steinsland som sponsa oss med kveldsmat, og til føresette som bidrog med bakverk. Det var til stor hjelp for oss at det kom føresette som gjorde heile kjøkkentenesta, slik at vi kunne fokusere på elevane. Tusen takk for hjelpa!


Elevane har brukt dei første dagane til å gje eit veldig godt inntrykk. Dei har engasjert seg og er positive. Vi gler oss til fortsetjinga!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete