Rosa sløyfe-løpet 2022

Til tross for at regnet piska ned og meldingane hadde varsla om sterke vindkast og endå meir nedbør, troppa ein gjeng frå Sund ungdomsskule opp på Rosa sløyfe-løpet som blei arrangert i Bergen.

Tilsette frå Sund ungdomsskule deltok på Rosa sløyfe-løpet i Bergen 04.10.2022. - Klikk for stort bileteTilsette frå Sund ungdomsskule deltok på Rosa sløyfe-løpet i Bergen 04.10.2022.

I Noreg har dette løpet vore ein tradisjon på hausten sidan 1999, og dei seinare åra har SUS også hatt med ein del deltakarar. I tillegg til gjengen på biletet var det fem andre som også var med, men som ikkje var der akkurat når biletet blei tatt.

For kvart år blir det større deltaking, og me håper at me får ny rekord av deltakarar frå skulen vår til neste år også. Me tenkjer det er viktig å visa støtta vår til ei slik god sak.