Rosa sløyfe 2023

Tradisjonen tru deltok fleire av dei tilsette på Sund ungdomsskule på Rosa sløyfe-løpet i Bergen 2023. Og som i fjor var ikkje veret heilt på vår side, så det var nokre kraftige regnbyger innimellom. Dette la ingen dempar på stemninga, og det var berre smil og godt humør blant gjengen.

Rosa sløyfe-løpet har vore arrangert i Noreg sidan 1999, og inntektene frå løpet går til kreftforeningen. I år var startnummerserien til dei to distansane utseld lenge før start. Over 4000 personar deltok i Bergen på dei to etappane som er 3 og 6 kilometer lange.

Sund ungdomsskule hadde fjorten deltakarar med i år, og alle synest det er kjekt å støtta ei så god sak. Etter løpet var det felles middag og sosialt samvær. Me satsar på å vera endå fleire deltakarar neste år, for i år tangerte me deltakartalet frå i fjor, så målet må vera å få ny rekord neste gong.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete