Prosjektveka - den beste veka!

 

“Dette har vore den beste veka”, sa ei jente etter prosjektveka “Stolt ung stril - modig”. Ho strålte etter å ha fått jobba med noko ho elska i fire dagar. Prosjektveka går i korte trekk ut på at dei vaksne på skulen får lov til å velja noko dei synest er kjekt å jobba med, og så lager dei ulike grupper, som elevane deretter får velja. Me oppløyser fag, timeplan, klassar og trinn og ein får ikkje karakter på dette, men ein får sjansen til å byggja karakter og utvikla seg, vera i lag og rett og slett gløda litt.

Dette var fjerde gong me hadde prosjektveke, og det heile starta i 2018 då me fekk visjonen og den nye logoen vår. Dei tilsette står bak visjonen, medan me fekk hjelp av grafikaren og tidlegare elev på SUS, Heidi Fjell, til å visualisera visjonen og laga logoen vår. Visjonen vår er “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida” og logoen vår viser kunnskapens tre i skråma der skråma står med røtene i fjæra og beveger seg i fleire retningar. På same måte ønsker me at elevane våre skal stå støtt i kulturen på SUS, men bevega seg i ulike retningar mot framtida under og etter tida hos oss. Den første prosjektveka blei til då me ville feira den nye logoen og visjonen, for då ville me gjera noko saman med elevane som me kunne visa foreldra.

I år hadde prosjektveka undertittelen modig, og det er mange måter å vera modig på. Nokre av elevane våre har vore modige i klatreveggen, på idrettsbanen, ute i sjøen, på brytematta eller ute på ulike turar. Andre har laga forskjellige former for kunst, og det er ganske modig å visa fram noko ein har laga og på den måten eksponera seg for andre. Produkta var alt frå kostyme, vesker, bilete, kort og album til veggmåleri og sukkerfritt godteri. Nokre elevar utfordra seg sjølv og andre gjennom gaming eller brettspel, medan ei gruppe laga film, og prøvde seg som skodespelarar med alt det innebar av filmtriks og innleving. Andre har dansa, sunge og spelt i band, og nokre har intervjua både kjente og ukjente menneske om det å vera modig. Kanskje det modigaste av alt er å tora å by på seg sjølv i møte med andre elevar på gruppa som ein ikkje kjenner så godt, og me har sett at det gjennom denne veka har blitt knytt nye vennskap på tvers av klassar og trinn. Det er me ekstra glade for.

Ungdommane har fått prøvd seg på å vera modig både fysisk og psykisk, og det heile enda opp i ei framsyning på Panorama Hotell & Resort der kvar elev kunne ta med seg to gjestar. Det blei over ni hundre menneske i salen, så det var tydeleg at mange var spente på kva ungdommane hadde gjort på og fått til på fire dagar.

Det blei eit forrykande show der elevane verkeleg fekk kjenna på det å vera modig. Mange hadde ulike oppdrag på scenen, medan andre hadde forskjellige stands ute i foajeen. Det å stå framføre så mange menneske og prestera noko på scenen, er ikkje berre lett, så me er skikkeleg imponerte over kva dei stolte unge strilane våre fekk til denne kvelden. Ordføraren var også gjest hos oss denne kvelden, og me er veldig glade for at han ville sjå forestillinga vår. Han tok også imot utfordringa frå gaming-gruppa om å prøva seg på eit spel i pausen. Sporty gjort!

Me gler oss allereie til neste år og ser fram til ny prosjektveke hausten 2024. 

Me vil gjerne takka desse for hjelp, støtte og sponsing:

Ark, Sartor

Bergen Grappling 

Bergen klatresenter

CrossFit kystby

Jon Egil Heggstad, Tekslo dykkerklubb

Just Padel Sotra

Kysthagen

Klepsvik , Sund senter

Kor Gøy

Laksevåg BKK

Lie-gruppen

Monster Energy

Norli, Sartor

Panorama Hotell & Resort

Playwell

Rema 1000, Skogsvåg

Ringo, Sartor

Sartor & Drange

Sigrid og Kåre Fjeld

Sjøsportsenteret, Glesvær

Sotra Grappling

Spar, Steinsland

Spildepollen skule

Sprek og Blid Straume

Sund Sportsklubb

Telavåg Fiskeoppdrett

Tekslo Seafood

Trene Sammen City

Vest Næringsråd

Øygarden brann og redning

 

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete