28.8 fekkk nokre elevar frå 10.trinn vera med Miljøforbundet på ein ryddeaksjon.

Me blei henta med 2 båtar, og blei køyrt ut til Narøya. Øya, som ligg i open sjø, er ei øy dei sjeldan får mogelegheit til å rydda på grunn av veret. Øya blei valt ut denne dagen fordi det ikkje var vind og heilt roleg hav, men ein hadde ikkje tenkt på knotten! Elevane var kjempeflinke, og fekk masse skryt for den gode ryddejobben. Me blei eten opp av knott og det ble bestemt at me skulle byta lokasjon til Skjelevika på Tofterøy. Der fann me også ein del plast, og heldigvis mindre knott. Det var kjekt å få vera med Miljøforbundet på ei slik plastrydding.
Sist endra 18.09.2026 17.53