Opptur 2023

Gitaren omkransa av 8. klassingar

Opptur er ein nasjonal turdag der Den Norske Turistforening over heile landet inviterer 8. klassingane til ein dag med friluftsliv og turopplevingar.

Sund ungdomsskule takka sjølvsagt ja då Sotra Øygarden Turlag kom med sin invitasjon. I år vart turen gjennomført onsdag 3. mai, og løypa gjekk frå Sund ungdomsskule over Kleppaksla til Veten og Storevarden. Det var sett opp postar og spørsmålsark undervegs, og turlaget stilte med heile 20 trivelege og engasjerte turguidar. Sjølv om temperaturen var litt låg, skein sola store delar av dagen, noko som var med på å gjera dette til ein kjekk dag. Arrangementet vart avslutta på Gitaren med premieutdelingar og litt å bite i. Elevane fekk høyra at dei var dei sprekaste 8. klassingane turguidane hadde møtt på lenge, i tillegg hadde dei opplevd ungdomane som positive og glade undervegs i løypa. Sund ungdomsskule takkar Sotra Øygarden Turlag for ein kjempefin dag!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete