
Kvart år er det mange elevar som har lyst å bli ung MOTivator, og på hausten i 9. trinn startar prosessen med søknader og intervju. Det er ikkje lett å velja ut kven som skal få denne jobben eller oppdraget, for det er veldig mange fine og gode kandidatar, men ein må ta eit val til slutt. I år var det Nora Elise, Mia-Helene, Emily Marie, Ida Sofie, Nora, Jakob og Ådne som blei dei utvalde. Dei var glade som fekk jobben, og me var heldige som fekk dei som våre MOTivatorar.
Torsdag 16. januar var det stor samling og opplæring av alle MOTivatorane frå dei fire ungdomsskulane. Det var ein lang og innhaldsrik dag, med både samtaler, øvingar og refleksjonar og det var kjekt å bli kjent med elevar frå andre skular. To av rektorane, frå Tranevågen og Sund, var også innom og sa nokre ord til elevane. I tillegg var det god mat, masse inntrykk og ny kunnskap.
Me gler oss veldig til å sjå korleis desse elevane vil jobba for det beste for skulemiljøet vårt, og me har store forventningar.
