Norr - da gudane breaka i Øygarden

Denne veka fekk alle ungdomsskuleelevane i kommunen oppleve danseoppsettinga Norr – da gudene breaket med Absence.

Dansegruppa Absence framfører danseoppsettinga Norr – da gudene breaket. - Klikk for stort bilete

Gjengen i Absence er noregsmeistarar i breaking som har spesialisert seg innanfor spektakulære sceneshow og fysiske teaterframsyningar. Fleire i gruppa er frå Sotra, og dei har hatt framsyning og kurs på mange av skulane i kommunen tidlegare. 

Denne veka har dei besøkt alle ungdomsskulane, og i tillegg fekk nokre elevar på mellomtrinnet delta der det låg til rette for det. Til saman har over 2000 elevar fått oppleve Absence denne veka.

Framsyninga Norr hentar inspirasjon og handling frå Voluspå og Snorre Sturlassons Eddadiktning. Elevane fekk vere med på ei forteljing om skapinga av verda, skumle jotnar, store gudar, brorskap, svik, heltedådar, store slag, mørke kreftar og til slutt; verdas ende – Ragnarok. Historia kjem fram gjennom dialog, dans, akrobatikk og film/animasjon. 

Med fortryllande scenografi, spesialeffekter og med profesjonelle kostymar frå Den Nasjonale Scene i Bergen, fekk elevane oppleve ei profesjonell teaterframsyning med dansarar i norgestoppen.