MOT til å glede-prisen til Ruth

Fredag 10. mars var det stor kultur- og idrettsgalla i Øygarden rådhus. Då fekk Ruth Midttveit Holbæk, lærar på Sund ungdomsskule, den gjeve MOT til å glede-prisen. 

Den glade vinnaren Ruth - Klikk for stort bileteDen glade vinnaren

Denne prisen er resultatet av ei kåring på Facebook og på ulike stands rundt i kommunen der ein har bedt om kandidatar til prisen. Det er mange flotte og engasjerte personar rundt om i den store kommunen vår, så det å få ein pris for at ein er ein gledesspreiar i konkurranse med mange andre verdige kandidatar er ganske fantastisk!

Noko av det som blei sagt om Ruth denne kvelden var at ho  har vore med på å gjera dei tre åra på Sund ungdomsskule til dei kjekkaste åra for mange og ho er omsorgsfull med eit stort hjarte. Ho er ein god lyttar, ein som bryr seg om elevane og kollegane sine, ho er engasjert, ein god diskusjonspartnar og ho er ein dyktig pedagog.

Me er veldig stolte og glade over at Ruth jobbar hos oss, og me vil gratulera så mykje med denne flotte prisen. Den er velfortent!