MOT til å glede-dagen

23. november er den store MOT til å glede-dagen. I år var dei unge MOTivatorane oppe grytidleg og i full sving med vaffelbakinga klokka sju om morgonen for å ha vaflane klare til resten av skulen til skulestart.

Unge motivatorar på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete

Herlege vaflar, fin julemusikk og blide ansikt var det som møtte elevar og tilsette når dei kom på Sund ungdomsskule i dag. MOT til å glede-dagen er ein dag der ein oppmodar til å spreia glede til menneska rundt seg på ulike måtar, og dette har MOTivatorane tatt på alvor. I tillegg til den fine starten på dagen var det i friminutta ulike aktivitetar som MOTivatorane stod bak, og slike aktivitetar er kjekke og samlande.

I morgon er det nokre heldige personar i regionen som får besøk av nokre unge MOTivatorar. Dei har eit oppdrag der dei skal gleda dei heldige som nokon har nominert til å få ei lita gåve i samband med MOT til å glede-dagen.

Me vil gjerne takka Rema 1000, Skogsvåg, for vaffelsponsinga. Sponsinga var med på å gjera nesten 400 personar ekstra glade i dag.

Unge motivatorar var oppe grytidleg og i full sving med vaffelbakinga - Klikk for stort bilete