MOT-festival

Fredag 15. september braka det laus med stor MOT-festival på Sotra arena. 1700 ungdommar og 200 tilsette fekk ein heil dag saman i fint haustver. I tillegg var ordførar, kommunalsjef og assisterande kommunalsjef for Oppvekst på plass for å snakka med ungdommane og få med seg alle dei spennande aktivitetane.

Det er ikkje ofte ein klarar å samla så mange kjekke ungdommar på ein plass, men under MOT-festivalen var alle dei fem ungdomsskulane i kommunen vår inviterte til ein dag fylt med latter, konkurransar, sosialt samspel og konsert til slutt.

Elevane på Sund ungdomsskule koste seg med dei ulike aktivitetane. Ein kunne vera med på mange forskjellige ting og i forkant hadde kvar skule klare lag i fotballag, kanonball, e-sport og ultimate frisbee. I tillegg var det fleire typar teambuildingsaktivitetar, ein kunne spela kubb, boccia, badmington, gå natursti, prøva seg på redningsbøyekast, delta på vassaktivitetar nede ved vatnet, trykka eigne t-skjorter, testa escape-room, gå på stylter eller sjå kor hardt ein kunne sparka ein ball. Med andre ord, det var noko for alle der!

Etter aktivitetane fekk elevane bagett og juice før det var konsert inne i Sotra arena. Her viste elevar frå dei ulike skulane verkeleg høgt nivå på dei musikalske innslaga. Det var stort band som spelte, og våre to songarar, Annabelle Steinsland Whitfield og Wiktoria Amarachi Okoroafor imponerte!

Det er veldig kjekt at både elevar og vaksne får treffast på denne måten, så me håper at dette blir ein årleg tradisjon.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete