MOT-draum går i oppfylling

Kvart år får elevar ved MOT-skular ein mogelegheit til å senda inn sin draum til MOT. I år var det Leon Foldnes her på SUS som fekk draumen sin oppfylt.

Tysdag 23.04 starta som ein heilt vanleg dag for 9A. I tredje time hadde dei matematikk og var klare for mattestafett når døra plutseleg opna seg, Brann-songen strøymde ut av bomblasteren og klasserommet blei fylt av MOT-coachane våre, kontaktlærar Janet, rektor og Regina, regionsleiar frå MOT Vestlandet.

Regina hadde gode nyheiter med seg. Ut av alle i heile Vestland som har sendt inn draumane sine, var det Leon Foldnes sin draum som var plukka ut. Han ønska ein draumekveld på Brann stadion saman med klassen sin, og dette ønsket blei oppfylt. Heile klassen skal til Brann stadion 29. mai, få plass i Hjertelosjen og få servert pizza og is pluss få helsa på nokre av Brann-spelarane. 

 

Det braut ut full jubel i klassen når elevane skjøna kva dei har i vente. Me gratulerer Leon og 9A med draumekvelden!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete