
Klokka 13.00 hadde me ei lita minnemarkering ute på skuleplassen der rektor sa nokre ord, det blei tent lys ved bilete av kongen og det var eitt minutts stille. Med det same markeringa var over kom dei første dråpane med regn, noko som symboliserte den sorgfulle stemninga.
Elevane våre på niande trinn laga kort til den fine kongen vår, og den eine læraren hos oss, Johannes Grundt Jondahl, skulle til Oslo i helga og tok med seg alle korta for å leggja dei på Slottsplassen. Det var også elevar som laga ein vase med minnekort i klasserommet. Under ser de bilete som viser både korta og kor dei ligg på Slottsplassen.
Kvil i fred, kjære kongen vår!


