Makt på menyen

10B har arbeidd med makt i forskjellige former, og dette resulterte i utstilling og stands.

Heile 8. trinn pluss lærarar og leiinga var inviterte, og det var veldig spennande og interessant å sjå korleis dei ulike gruppene hadde løyst makt-oppgåva. Ei gruppe hadde fokus på forbrukarmakt, ei anna på Noreg sine system og styresett medan ei tredje såg nærare på doping i eit maktperspektiv. Fleire grupper hadde ulike konfliktar dei hadde fordjupa seg i, og ei gruppe var opptekne av terror. Det var kjekt å bli invitert, og veldig gøy at dei eldre elevane kan vera rollemodellar for dei yngre.