Ludvik vann iPhone

Kvart år er det ein konkurranse utlyst av Sotra Rotary der ein ungdomsskuleelev på 10. trinn kan vinna ein iPhone. Konkurransen er knytt til utdanningsmessa som Sotra Rotary står bak, men konkurransen gjekk føre seg på den enkelte skule. På Sund ungdomsskule har det aldri vore ein vinnar før, men endeleg i år fekk me den etterlengta e-posten frå Sotra Rotary!  Vinnaren blei Ludvik Stikholmen, og han blei både overraska og glad når representanten frå Sotra Rotary banka på klasseromsdøra og overrakte premien. Me gratulerer Ludvik så mykje!