Livredning i sjø og snø!

10. trinn hadde livredning i sjø midt i snøkavet.  Årsaka til at ein ønska å utføra dette på dette tidspunktet, er at ein ønskjer å visa elevane kor kaldt det kan vera om ein fell i sjøen om vinteren og visa kva ein skal gjera for å redda nokon som har ramla ut i. Dette er autentisk læring som faktisk kan redda liv. 

Elevane var både spente og forventningsfulle, men også litt nervøse og usikre på korleis det ville vera å hamna i sjøen i januar/februar. Det var god stemning og flotte prestasjonar i timane, og elevane fekk verkeleg kjenna på meistringskjensle når den eine etter den andre tok seg ein tur ut i sjøen. Elevane fekk trena på både det å bli redda og det å redda andre. Livsviktig kunnskap!