Klasse frå SUS i landsfinale i sjakk!
9C har denne våren delteke i ein sjakk-konkurranse arrangert av Norges Sjakkforbund (via Skolesjakken). Vi har brukt mange timar på å øve, og lære kvarandre å spele sjakk, før vi deltok i sjølve meisterskapet.

Det var ei kjekk oppleving å spele mot andre 9. klassar frå andre stadar i landet, og enda kjekkare då vi fekk e-post om at vi hadde kvalifisert oss til landsfinalen! Der spelte dei 10 beste klassane i landet mot kvarandre. Vi enda på ein 4. plass, etter ei svært jamn og spanande turnering. Det har vore veldig kjekt å ha eit felles prosjekt der alle har fått bidra til å samle poeng til klassen.
Sist endra 09.05.2025 17.55