Kick-off før prosjektveka

Prosjektveka "Stolt ung stril - modig" nærmar seg med stormskritt, og i dag, onsdag 27.09, hadde me kick-off med Marius Løken som foredragshaldar.

Heile skulen samla seg i Strandahallen til eit spennande og lærerikt foredrag med Marius Løken. Han har med seg ei sterk historie i bagasjen, og det var mange engasjerte og interesserte elevar og vaksne som fekk høyra korleis livet hans endra seg frå ein dag til ein annan. Han formidla med både humor og energi, og det var tydeleg at psykisk helse er eit viktig tema for han. Det å ha ei hand, eller i det minste nokre fingrar, på rattet i eige liv, det å ta ansvar for seg sjølv er ein viktig bodskap. I tillegg vil fysisk aktivitet, rutinar, vår tilknyting til andre og det å ha kontroll på den indre stemmen vår vera viktig. Her kan de lesa meir om Marius: Marius Løken - Foredrag om Psykisk Helse (mariusloken.no)

Det var ikkje berre Marius Løken som hadde bidrag på dette arrangementet. Koret "Kor Gøy", som har mange av våre tilsette i rekkene, song "Ka e du redd for" av Sigvart Dagsland, og vår eigen Wiktoria Amarachi Okoroafor hadde ein inderleg versjon av "Someone you loved" av Lewis Capaldi, medan musikklærar Andreas Myksvoll spelte til. Til sist fekk Sund ungdomsskule ei helsing frå Johannes Thingnes Bø på stormskjerm. Stor stas!

Dagen i dag i Strandahallen er blitt sponsa av mange forskjellige bedrifter, og det er Tove H. Håkonsund som har vore primus motor for å skaffa sponsorar. Det var også Tove som var konferansier i dag. Representantar frå bedriftene var inviterte til kick-off-en, og fleire av dei stilte. Me ønskjer å takka desse bedriftene for støtta, og også Kor Gøy, Wiktoria og Andreas for innsatsen:

Telavåg Fiskeoppdrett AS

Rema 1000 Skogsvåg

Sartor & Drange

Tekslo Seafood

Lie-gruppen

Kysthagen

Vest Næringsråd

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete