Karneval på SUS

Fredagen før vinterferien var det, tradisjonen tru, karneval på Sund ungdomsskule.

Denne dagen er det alltid veldig god stemning, både fordi det er kjekt å kle seg ut og sjå korleis andre har brukt kreativiteten og fantasien, og fordi det berre er timar igjen før det er ein etterlengta vinterferie!

Både elevar og vaksne kledde seg ut, det var utdeling av kjærleik på pinne sponsa av Bunnpris, og det var limbo, kahoot og musikk i friminutta. 

Skulen ønskjer alle ein velfortent ferie - og vermeldingane for veka er fantastiske, så det er berre til å kosa seg.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete